Moskus

8.februar, 2013 KL.19:00 | Ciderhuset, Balestrand, Vestnorge |

Bandet denne kvelden heiter MOSKUS, og består av Anja Lauvdal – piano, Fredrik Luhr Dietrichson – bass, Hans HulbMoskus Trio er av dei mest spanande banda på den unge jazzscena i dag. Bandmedlemane er alle tidleg i tjueåra, og har vore del av det kreative miljøet ved «jazzlinja» ved NTNU i Trondheim. Trass i unge år har bandmedlemane brei og tverrmusikalsk røynsle: Hans Hulbækmo har med seg folkemusikk- og progrockimpulsar, Fredrik Luhr Dietrichson har sysla innan vise- og rocketradisjonen, og Anja Lauvdal har bakgrunn frå salme-, og ikkje minst, gospeltradisjonen. Anja og Hans er også kjende for å ha eit meir rock-orientert publikum gjennom dei kritikarroste banda Your Headlights are On og Snøskred.

Som fyrste jazzband vann Moskus Grappa sin årlege debutantpris i 2011, som resulterte i det heilt ferske debutalbumet «Samlesykkel» (Hubro; sept. 2012). I fylje trioen sjølv har dei sine musikalske røter trygt plassert på den fruktbare kammerjazz-jorda, men dei har funne næring i alt frå salmetradisjon til Ivo Caprino sine filmar, frå Paul og Carla Bley til skiturar i fjellheimen i seine kveldstimar, og frå post-rock via franske crêpes til gospel.
Moskus var ein av fire finalistar i årets Jazzintro, og representerte nyleg Noreg under den store nordiske jazzmønstringa Young Nordic Jazz Comets i København. Medlemane har kvar for seg vunne fleire prestisjetunge prisar. Bandet spelar helst akustisk, med piano eller flygel, men har òg gjort ein del jobbar med synth og trøorgel. Dei er med andre ord fleksible.ækmo – trommer.

Det vil vere høve til å kjøpe seg eit måltid mat før konserten, og Ciderhuset har skjenkeløyve så det er og høve til å kjøpe drikkevarer på staden. De må gjerne tinge måltidet på førehand på tlf. 908 35 673 / 984 77 765 eller på e-post til post@ciderhuset.no

Tilbake til kalenderen