Jølster Jazzklubb

Kontaktinfo

Marit Hartvedt
E-post
Tlf: 91 59 38 56

Jølster Jazzklubb har berre eksistert i halvtanna år, men har allereie to minifestivalar, Jazz på Jølst 2010 og 2011, fleire einskildkonsertar og to musikkverkstader for unge musikarar på samvitet. Nokre av artistane har vore henta frå lokalmiljøet, andre gonger har nasjonale kjendisar stått på scena.

Det har vore ei spennande tid for ein ung jazzklubb, både når det gjeld publikumsoppslutnad og ikkje minst økonomi. Heldigvis har det vist seg at det var ein god del jazzentusiastar som berre trong eit påskot til å komme ut av jazzskapet sitt, og fleire og fleire kjem også langveges frå. Dessutan har jazzklubben eit godt samarbeid med Skei Hotel og blir også sett pris på av Jølster kommune. Jølster Jazzklubb og Jazz på Jølst er komne for å bli!

Tilbake til arrangører

Arrangeres av Norsk jazzforum | Kontakt: Tlf. 22 00 56 60 | Epost: norsk@jazzforum.no